Autoren-Bilder

Tonny Gulløv

Autor von Tusenårsriket

8 Werke 47 Mitglieder 1 Rezension

Über den Autor

Beinhaltet den Namen: Tonny Gulløv

Werke von Tonny Gulløv

Tusenårsriket (2015) 21 Exemplare
En konungs ätt (2020) 11 Exemplare
Bastarden (2020) 7 Exemplare
Järnbörd (2021) 4 Exemplare
Ravnehug (2021) 1 Exemplar
Bastarden 1 Exemplar

Getagged

Wissenswertes

Geschlecht
male
Nationalität
Denmark

Mitglieder

Rezensionen

Ei lita skogsstamme i Storbritannia blir angrepne av vikingar. Berre guten Ulv er meir fascinert enn skremt, for han hugsar alle historiane hans daude mor fortalte om heimlandet hennar, på Fyn, mellom danane som Ulv alltid har rekna som sitt eige folk. Og slik startar ein bildungsroman om ein gut som mest av alt vil vere akkurat som desse folka som plyndrar, drep og valdtek medan dei ler og spøker på hans mors språk.

Det seier seg sjølv at det dermed ikkje er ei bok for alle. Ein må ha ein drabeleg porsjon moralsk relativisme innabords, og evne sjå ting slik ein i dåtida såg dei. Men det sagt, så er boka ganske lettlesen, og trass eit ganske høgt sidetal går den med godt tempo der eg sjeldan eller aldri kjedar meg og ventar på at ting skal skje.

Eg tykkjer Gulløv skriv ganske bra, på ein effektiv, direkte måte. Det er lite unaudsynlege skildringar, men ein får likevel eit ganske malande inntrykk av 900-talets Skandinavia. Forfattaren er særleg flink til å ikkje projisere moderne verdiar på det som skjer, slik at me blir servert ein hovudperson som utan samvitskvalar vurderer ting me ser som fullstendig forkasteleg, som til dømes å impulsofre ein lojal trell til Tor då han midt i eit slag kjem på at han har gløymt å signe våpenet sitt. Det skal likevel seiast at Gulløv er forsiktig med å late denne typen valdsame etikk-kontrastar bli verande i hovudet på karakteren, og viss dei blir overført i handling er det fort forbigått eller berre hinta til, slik at lesaren slepp slite for mykje med å heie på hovudpersonen.

Hovudpersonen er eit sjølvinnrømt brushovud som er stor i kjeften og større i ambisjonane, som tek all motgang i livet som midlertidig og irriterande, og all medgang som sjølvsagt og gudegiven. Det er kanskje litt urealistisk akkurat kor sta og sjølvsikker han framleis er på det verste, men det blir i det minste formilda av at fortellerrøysta er hovudpersonen som gamal, og langt visare, mann, som sjeldan går av vegen for å håne sitt yngre sjølv.

Ein bitteliten flisespikkeri-klage: Ved to ulike høve kallar hovudpersonen seg for 'sønnesønn' av _morfaren_ sin. Med tanke på kor obs både han og verda rundt han er på slekt og ætt er dette neppe gjort med vilje. Eg anar ikkje om det er frå den danske originalen eller ein omsetjingsfeil (skjønt eg lener mot det siste), men det var pokker så irriterande. Eg datt heilt ut av historia medan eg byrja trippelsjekke at eg ikkje hadde totalt misforstått viktige karakterrelasjonar begge gongene.

Men det er ein bagatell. Når det gjeld meir legitim kritikk, så tykkjer er boka si største svakheit er at den avheng av eit samantreff omtrent ein fjerdedel inn i historia som er så fullstendig usannsynleg at det undergrev heile verket. Det er det einaste slike, og hendingane i boka verkar elles alle rimeleg realistiske, men talet på ting som fell akkurat på plass til akkurat rett tid og stad i denne problemhendinga ville berre kunne vore plausibelt i ei fantasybok der gudane er verkelege og kan manipulere det som skjer. Det trur rett nok karakterane her òg at dei kan, men det er ingen reell indikasjon til lesaren på at dei har gjort det, og sjølv om boka på andre stadar hintar til at det kanskje er litt meir enn rein overtru bak åsatrua, blir det aldri trekt fram som ein forklarande faktor her.

Men, men. Elles fungerer det heile bra. Farten er finfin, karakterane relativt minneverdige, og finalen er stor og spanande -- skjønt boka som heilskap er litt tilfeldig inndelt. Somme kapittel er eviglange og omhandlar mange ulike større hendingar over lange tidsperiodar. Andre er berre på eit par sider og kunne lett vore ein del av eit større kapittel. Og det er òg litt tilfeldig kvar boka sluttar. Hovudpersonen får slåst i sitt fyrste store slag, men det er ikkje elles noko naturleg sluttpunkt. Det er meir som om me får servert heile livshistoria hans, og bok 1 stoppar her mest fordi innbindinga ikkje ville klart så ofseleg mange fleire sider. På den andre sida bidreg jo det til at det kjennest som ei 'ekte' livshistorie, sidan slike openbart ikkje har dramatiske sluttpunkt som fint nøstar saman alle trådar med jamne intervallar.

Har kjøpt toaren, så skal segle i den med ein gong.
… (mehr)
½
 
Gekennzeichnet
Lucky-Loki | May 11, 2022 |

Statistikseite

Werke
8
Mitglieder
47
Beliebtheit
#330,643
Bewertung
3.8
Rezensionen
1
ISBNs
24
Sprachen
3